Solveig Vatn
Prologar mm
Prolog til avsluttning på leikkurs
på Malihaug den 17-1-1942.……………….. 2
Jolesnø……………………………………... 4
Bondelagsfesten 2 mars 1946……………… 9
Til tjugeårsfesten i songlaget “Tonevakt….. 11
Prolog til 25 årsdagen åt mannsonglaget
“Tonevakt”…………………………………. 13
Prolog til “Spel sjølv “ kvelden
på Malihaug………………………………… 14
Sanitet prolog 2.……………………………. 20
Ved Ole Herstad´s båre…………………….. 24
Skifest………………………………………. 28
Kvileveke på Bostadhaugen
17/2 - 24/2 – 59………………………… 29
Prolog til avsluttning på leikkurs
Dem kom heim frå Malihaug heile kula
No ska du hør . Det bli leikkurs på Mali
Du må kom å bli me, de e ittnå fali
De e best å få me så mang som mule
fer lite bli e tå veikjom trule
Æ la da iveg å ga mæ i lagje
Aa få sæ ´n maka de va ittnå fale
Så stellt vi oss op roint ti´n reng
og så skoill no lærarinna sett oss i sveng
men det va vesst itt fritt vi va lite bøklåt
å som de va som fekk sæ´n storlåt
æ kain itt sjønn de va ått mæ dem flira
æ syntes dem såg på mæ heile tia
Men jammen va e vrient du
Aa mykkji verre enn du skoil tru
Me høger og vengster de gjekk i toill
å valsen fekk ein ekstra kroill.
Men du må itt tru at det går an å fuske
fer da kjem a Målfrid å i håre ruske
Rett ska e vårrå frå føst te sist
Gjer op igjen de du gjol i mest.
Aa no må di heng i guta me grein
Aa no må nøyt dåkk all som ein.
Pols ska di ler å feiar å ril
å all de songdansa som di vil
men mjuk må du vårrå å lett på tå
inga subbeng å trampeng nå
Aa inga nymotens vrekkeng i leom
men lett å spensti å sprek i kneåm
De såmmå gjell fer dåkk som e veikjå
Legg liv i leikjen. Det kjem att me rentå
Aa kvekk må a vårrå å lett på tå
den veikja som hugheilt ska leikjen trå
Aa henra op uttu bokslommån gut
når te dans du be veikjåm ut
Men sjå. Han hi hjarte i magom den guten
Æ trudd no ingen ingen va så stuten
Aa søng må di gjørrå all som ein
fer ellest så bli e no ittnå grein
Aa me må du vårrå me liv å sjel
å itt gå som du va i i anna væl
Aa vi, vi streva så sveittin rainn
å lerd oss ailt det messte vi vainn
frå gammeltids renglender kåt å vill
te Aarolilja sår å still
Ha takk da di som låggå e så
at vi på leikkurs fekk te å gå
Og mest du som strevd så hardt kvar kveld
og glødd oss op med din eien eld.
Du song å snakka, vart vesst aller sliten
å kvelden han vart no så alt fer liten
Fer Målfrid vi rope eit langt hurra
den era må a i det minste ha
Så vone æ all legg vilen til
så leikjen i lagje trivast vil
at itt de heile daune tu
den dan a Målfrid reise du.
Men om a kjem att om 30 år
vi hi itt glømt a tross gråe hår.
Jolesnø
(Skrive åt avisa i ungdomslaget Viljen til julmøtet 1942).
over denne daude vrimmel,
gløym ei stund det stygge, svarte,
so vi ser det ljose, bjarte.
Jordi kledd i brudelin,
når dei ringjer helgi inn.
Hjelp oss gløyma all vår kvida,
alt det alle no må lida,
sorg og sjukdom, svolt og nød,
kampen for eit dagleg brød.
Kom med fred i alle sind,
når dei ringjer helgi inn.
Dryss i alle harde sind,
dryss i alle hjarto inn,
dryss i kvar ei ufjelgd krå,
gjer det reint til høgtid nå.
Lufta ut kvar hatig tanke,
gjer dei ljose, reine, blanke.
Kom med fred i hug og sind,
når dei ringjer helgi inn.
Skyttargraver, piggtrågjerde,
menneskekroppar kasta i haug.
Løyn dei med ditt kvite klede,
skyl dei i ditt reine laug.
Alt det stygge og det låge,
alt det fæle ufredsståket
løyn det du med kviten din,
når du ringjer helgi inn.
Dryss i såre moderhjarte
som ser berre sorgi svarte.
Løyn for henne sorg og suter,
når ho tungsam går og luter.
Kom med fred til hennar sind
når dei ringjer helgi inn.
Alt du misste, mann og søner.
Lite hjelp om landet løner,
deg med ros om deira dåd.
Lite kann det munnar metta,
lite kann det sorger sletta,
for dei små som alltid spør:
Kvifor er ´kje alt som før?
Barneaugo, redde, vare,
stirer hjelpelaust på mor.
Kvifor kann du ikkje svare
når vi spør om far og bror.
Du har sagt at Gud er god.
Er han ikkje i himlen no?
Kom du reine kvite snø,
løyna for deim sorg og nød.
Lat dei gløyma denne stundi
kvar den tåra som har runni.
Kom med fred til barnesind,
når dei ringjer helgi inn.
Jolesnø so kvit og rein,
kom med bod til kvar og ein.
Kom med von og ljose tider,
gjenom alt det verdi lider.
So når helgi ringjer inn
det vert fred i alle sind.
(Kommentar: “Jolesnø” vart opplest og ved eit seinare tilfelle med følgjande opplysning:
“Det eg skal lesa er skrive åt avisa i Viljen til julmøtet 1942.
Prolog på bondekvinnefesten.
Bondekvinnelaget samla til fest,
ynskjer velkommen hit kvar gjest.
Velkommen hit i frå strev og strid.
No skal vi hyggja oss ei rid.
NB! Prologen kan vera brukt i fleire samanhangar.
Følgjande kommentar finns til versa innanfor parantes:
”Eg veit ikkje korleis dette høver hos dykk så de må
hoppa over dette. Det var aktuelt for vårt lag.”
(Det er fleire år sidan laget vart skipa.
Mange vart med og visst alle seg lika.
Men så gjekk det der som i andre lag.
Det var somme som heiste eit annna flagg.
Så vart det sagt stopp,
og laget løyst opp.
Men sakna vi gjorde vårt kvinnelag.
Det gav oss ein pust i det harde jag.
Så no har vi atter fått laget i gong.
No går det for full musikk og song.)
å gløyma ei stund både maset og tjonet.
Med hus og krøter og mat og stell,
det heng i hop ifrå morgon til kveld.
For meir om send det blir som skal gjerast.
Ungar veks op og skal fødast og kledast.
Arbeidshjelp er det ingen som får.
Det blir visst verre år for år.
Kann henda du er heldig og får deg ein dreng
om han får eige hus og seng.
Men kjøkentaus, ei som vil og kann,
det finnst snart ikkje i dette land.
Og budeie, eg trur du er rar.
Det er noko som fanns i gamle dar.
Nei sjølv må du vera ute og inne.
Det er ingen som gjer det du ikkje kan vinne.
I fjøset rautar det ku og kalv
og mannen kjem inn med sjorta halv.
Borna dei sutrar om hjelp åt leksa.
Det er trasigt for dei og som op skal veksa.
Og spedbarnsstell, ja koss skal det bli.
Vi får snart inga tid til di.
dei talar og skriv om kva barnet skal ha.
Det er gulrotsaft og nypekraft,
og tomat og solbær og tran og maltekstrakt.
Og tenner skal pussast fyrst dei har fått ei.
Ja alt er så bra men koss skall vi få tid.
Og enn om det fleir skulle bli.
Og mat må det lagast tidleg og seint.
Og hus og klæde, vi vil ha det reint.
Då nyttar det ikkje med 8 timers dag.
Det heile blir eit evigt jag.
Kven talar om ferie og fridag og slikt.
Det er ´kje for oss. Aa vade seg likt.
Men likvel er det mange som trur
at det heile så lettvindt seg snur.
Det er berre å kinna, så får du smør,
og hønene verp ved kvar einaste dør.
Og hjelpte du dei det meste du vann,
svarthandlarstemplet fekk vårt stand.
Visst var det dei som tok pungen full.
Det er no så rart med det mammons gull.
Men dei fleste gav nok av det som dei hadde
utan at dei i pengebunka bladde.
Og husrom dei gav og mat og stell,
og varta dei op både morgon og kveld.
Dei ringde så flott. Vi har ferie til vika.
Kann vi ta oss ein tur? Det vilde vi lika.
Og matmora sukkar og seier som så.
Eg gjer kva eg kann. De får koma då.
Kann henda ho er litt beisk i hugen.
Der ho går i sitt arbeid trugen.
Ho hadde vel trengt seg eit ferieår.
Ho kjenner at det på helsa går.
For ryggen han verker av vasstreåket,
og armane domnar av alt ståket.
Aa hadde eg endå havt vatn i hus.
Eg sig under børa mest i grus.
Men ein liten ferie unner vi oss lell,
kvar gong vi bondekvinnemøte held.
Der møtest vi alle i same trong
at kåra skal betrast for oss ein gong.
Eit gyllent kornband på grasgrøn duk,
det er vårt samlingsmerke.
Til helg og høgtid og kvardagsbruk.
Det gjer oss trygge og sterke.
Det samlar den norske bondestand
ut over heile Noregs land.
Det minner oss om at jorda er vår
og at grøda ho gjer når vi pløyer og sår.
For vi har tross alt eit herleg yrkje,
vi som er sett til jorda og dyrkje.
Og sjå at det sprett op og veks og gror.
der vi med plogen og harva for.
Aa fylja med etter kvart som det veks,
til åkrane bognar av moge aks.
Og fekk vi so sant den hjelp vi trong
og løn for vårt strev som det verd det hev,
vi gekk til vårt arbeid med glede og song.
For jorda er norsk og jorda er vår.
Vi lærde det mest no i krigens år.
Ho berga oss gjenom den tida hard.
Ho var den båt som børa bar.
Dei store ute i verda ståkar.
Dei blir ikkje samde kor mykje dei bråkar.
Men vi som er mø´r og har barn som veks opp.
Vi må segja ifrå at no må det bli stopp.
Skal det stå på med krig til all verda forblør
da går vi til streik vi som skal vera mø´r.
Vi fø´r ikkje barn til kanonmat.
Vi avlar ´kje liv til hemn og hat.
Nei fred må det bli millom alle folk.
Og fred må tryggjast men ikkje med svolk.
Og fred må det bli i kvar einaste heim
så heile verda kann styrkjast med deim.
Der har vi ei opgåve vi som er mor.
Der kann vi gjera ei gjerning stor.
Planta det inn i barnesindet
så det aldri går av minne,
at fred må dei øva i all si ferd.
Då får vi kan henda ei betre verd.
Bondelagsfesten 2 mars 1946
Gamal og trygg ligg garden
høgt oppi solskinslida.
Slik han tolka det diktarkongen.
Det fanns visst inga skuggesida.
Bonden ute på trappa trygg og blid
myser mot sola og undrast kva klokka lid.
Hanen han gjel ifrå stabburstroppa
budeia strør salt på kloppa.
Kalvane dansar ikring.
Kvite kjeungar hoppar og spring.
Dotra i bunad med gullhår som fløymer.
Sol og somar imot oss strøymer.
Men til vanleg såg ein lite av romantikken.
Det spurdest nok heller: Er du arbeidsskikken?
Kann du hanga i ifrå morgon til kveld?
Ja, slit og strev det var bondens kår.
Slik har det vore i alle år.
Missvekst og uår landet vårt øydde.
Amerikafebren for ungdom oss snøydde.
Grend etter grend vart ribba for alt
som fanns der av dugande arbeidskraft.
Der vester var framtid og vokster og von.
Her heime var alt berre missmot og tjon.
Men da som verst det for landet såg ut.
Det voks fram ein tanke hjå mann og gut.
Det var sjølvbergingstanken i jordbruket vårt.
I ein bråblenk såg vi landet vårt klårt.
Her var myr og lid
som kund´ avle og gi
mat til så mange munnar.
Her var såjord nok
når vi braut op i flokk
og bygde på gode grunnar
Her var framtid og von for kvar kvinne og mann
som trudde på bondeyrket
No galt det berre at samde vi stod
både i helg og i vyrke.
Og så voks det fram vårt bondelag
i tru på sameint styrke.
Ja kom alle saman vi fylkar oss tett.
Vi slår oss i lag og krever vår rett.
Rett til å leva som andre folk,
rett til ein jordbrukets tidarbolk.
Det er ikkje allslags bidrag vi krev.
Men fullgod løn for vårt slit og strev.
Og da må det bli slutt med den småpolitikken.
Han blir for gamaldags no den skikken
At kvar hugsar berre seg og si eige grend,
og for alle andre i vegen stend.
Nei heile folket må draga ihop,
skal vi makta å få vårt jordbruk op.
Op til den plass vi har rett på i landet.
Til fullgod vyrdnad for bondestandet.
Det spørst ´kje om garden er liten eller stor.
Men om du lever av Norges jord.
Og om du er fiskar ell arbeidsmann,
det er no likevel vårt kjære land
som før både deg og dine.
Og jorda ho treng kvar ein arbeidsmann
som byggja vil i tru sit land.
Her duger det ikkje med kolektivbruk
her mellom våre berg og sluk.
Nei kvar ein ting må dyrkast i tru
og kvar ei plogfor i kjærleik du snu,
skal fram til målet vi vinne.
Bondens kall er bondens styrke.
Trufast skal han jorda dyrke.
Så med kjærleik kvart eit frø.
Såg du vel eit fagrare syn
enn gulnande åkrar i haustsolskyn.
Moge aks som bognar mot jorda
velfyllte løor til mat på borda.
Og såg du landet ein vårdag du,
når sola gyllte fjell og flu,
og jorda låg der budd til å gi
liv av den grovneme bringa si.
Det brusar i mot deg av sol og vår
av grønklædde vollar og bonde som sår.
Og det er arven til kommande slekter
at dei skal hausta som kjem etter,
at slekt ettet slekt gjenom seklar av år
skal gi vårt jordbruk betre kår.
Til tjugeårsfesten i songlaget “Tonevakt”
Velkommen til tjugeårsfest!
Velkommen songar og gjest!
Velkommen både ung og gamal,
dirigenten er hedersgjest!
No vil vi hyggja oss saman
og gløyma den vonde tid,
med song og talor og gaman
og jultregong ei rid.
Men først skal vi æra honom
som bakom det heile stod,
som drivkrafta var i røynom,
som gav si eige glod.
Du auste ut av din songarbarm
So mang ein tanke og kjendsle varm.
Det var ikkje berre å takten slå,
Men inn i det heile ei sjel å få.
Det var det du makta so godt som få.
Takk for all gleda som du oss gav,
Det var mang ei stund i hugsamt lag.
Det er mang ein time i tjuge år,
ein del av ditt liv som det kjem og går.
Og takk alle de som var med og song
og gav hans tankar og kjendslor form.
Som traska i uver og føre glatt
og sat der og øvde til langt på natt.
Som song når vi syrgde saman,
som song i glede og gaman.
Tjuge år det er mang ein dag.
Det er mange tankar og hjarteslag.
Det er mangt eit steg for ei sak som er kjær,
men songen han gjenom allting ber.
Så ynskjer vi alle at Tonevakt
alltid må leva å stå ved makt.
At nye krefter veks op og blir med,
når gamle eldest og bøyest ned.
For song, det er varme tankar
Song, det er gode ord
som kjem frå eit hjarta som bankar
for det som er rett på jord.
Song er det vakre som rører seg
inst i kvar menneskjebarm,
Song, det er kjendslor som lever
om hugen blir aldri så arm.
Ja song det vil allstøtt fylgja
i sorg og i glede forvisst.
Song er det fyrste vi høyrer
og song blir det og tilsist.
Så mang ei sjel i den siste kamp
finn trøyst i ein fredfull song.
Det turka tårar av barnekinn
så mang ein Herrens gong.
Og difor du som kan syngja,
hugs kva det av deg krev.
Legg heile di sjel i kvar tone
og gjev alt det beste du hev.
Ja kom, la oss syngja oss saman.
Eit folk i song har sigra så mang ein gong.
Det ber oss igenom sorg og gru.
Det held oss oppe til sola snu.
Det kjem vel ein somar med sol og song.
Det blir vel vår i Noreg ein gong.
Eit songartog dreg over dal og hei.
Vi høyrer omen langan leid.
Dei dreg innom kvart eit litet hus,
dei oss gjestar i sorg og gledebrus.
Det er “Tonevakt” gjennom 25 år.
Det toget blir langt eg trur eg spår.
Tenk på alle dei songar till høgtid og fest
alle trøystande tonar når døden var gjest.
Kvar ein øvningskveld etter slit og strev,
etter dagslangt arbeid med spade og grev.
Du var ikkje alltid så høg i hatten.
Heime er best når det lid til natten.
Men du traskar i uver og føre glatt
og sat der og øvde til langt på natt.
Og han som bakom det heile stod
og gav av si eige songarglod.
Og som taktstokken svingar i alle dei år.
Det blir mangt eit slag medan åra går.
Og det var ikkje berre å takten slå,
men inn i det heile ei sjel å få.
Det var det du makta så godt som få.
Det har vore så hugsamt i grenda her
å ha dette koret så gildt det er.
Det blir sjeldan tenkt på kor mykje det gjev
som kan løfte oss op i frå kvardag og strev.
For song det er varme tankar
song, det er gode ord,
som kjem frå eit hjarte som bankar
for alt som er rett på jord.
Song er det vakre som rører seg innst
i kvar menneskjebarm.
Song, det er kjensler som lever
om hugen blir aldri så arm.
Ja song det vil allstøtt fylja
i sorg og glede forvisst.
Song er det fyrste vi høyrer
Og song blir det og tilsist.
Så mang ei sjel i den siste kamp
fann trøyst i ein fredfull song.
Det turka tåra av barnekinn
so mang ein Herrens gong.
Og difor du som kan syngja
hugs kva det av deg krev.
Legg heile di sjel i kvar tone
og gjev alt det beste du hev.
Så ynskjer vi alle at “Tonevakt”
alltid må leve og stå ved makt.
At nye krefter veks op og blir med,
når gamle eldest og bøyest ned.
Ha takk då alle for alt som du gav.
De har fyllt dykkar plass,de slo aldri av.
Så møtest vi alle om 25 år
til ei 50 års høgtid eg trur eg spår.
Prolog til “Spel sjølv “ kvelden på Malihaug
Den gong vi var barn og vi song dei så glad
Vi lærte dei utan på tjuge vers
det gjekk for det same , det måtte til pers.
Vi song når vi vogga dei syskena små.
og barnsullane går i glømd.
Og småborna lærer først “Tango for to”.
Det er ingen som syng til dei “Sov i ro”
Visst var det nok gale at vogga gjekk,
men tru om dei likevel ei gåva fekk.
Og ingenting gav slik ei velsigna ro
som barnet å sulla i sømnen go.
Eg hugsar ho bessmor song mang ein stubb.
Ho åtte ‘kje’ mæle, men vi var fornøgd.
Det gav slik ei velsigna tryggleik og ro.
Og mykje ho gav oss det skynar eg no.
No syng vi aldri til småen somnar,
men bind han fast så til sist han dormar.
Og når høyrde du sist ein gjætar som song.
Det heiter nok heller “Det var ein gong”.
Nei no skrattar radion i stove og fjøs.
Og slær du han av blir nok einkvan bøs.
Og platespelar og bandopptak,
og pop og bråk både for og bak.
Så får vi istaden ei veke – ein dag
til å syngja og spela i heim og lag.
Nei syngja det skal vi kvar einaste dag
og spela ein stubb i kvardag og lag.
Og er du sliten og alt går på tverke
så prøv med ein song og tru du er ei lerke.
Og ta fram fløyte, horn og trompet.
Det er same kva det er når berre det let.
Ja om du har berre eit salmodikon
så ta det fram, gi det vyrdnad og rom.
For når fann du i soga ein såvoren skatt
som folket bar fram gjenom svartår og natt.
Og alt det dyraste som du åtte
med song og musikk det vigslast måtte.
For kva blir vel eit folk om du tek bort songen
om ord og tonar let siste gongen.
Om horn og trompet ei lyder lenger
og aldri meir gråt ifrå felestrenger.
Da blir landet eit folk utan meining og vilje
det lyder ‘kje’ lenger leik over tilje
og livet blir som eit storkna hav
der tankar og kjensler er lagde i grav.
Dei store ute i verda ståkar
dei blir ikke samde kor mykje dei bråkar.
Men kanskje kan vi bygge ei tonebru
over landegrensene eg og du.
Kan vi syngje oss saman kvite og svarte
kan vi spela i lag det lyse og bjarte
Kan vi byrja her i det små og no
så blir det kan hende ei løysing god.
Den gong vi var barn og vi song dei så glad
Vi lærte dei utan på tjuge vers
det gjekk for det same , det måtte til pers.
Vi song når vi vogga dei syskena små.
og barnsullane går i glømd.
Og småborna lærer først “Tango for to”.
Det er ingen som syng til dei “Sov i ro”
Visst var det nok gale at vogga gjekk,
men tru om dei likevel ei gåva fekk.
Og ingenting gav slik ei velsigna ro
som barnet å sulla i sømnen go.
Og når høyrde du sist ein gjætar som song.
Det heiter nok heller “Det var ein gong”.
Nei no skrattar radioen i stove og fjøs,
og slær du han av blir nok einkvan bøs.
Så får vi istaden ei veke – ein dag
til å syngja og spela i heim og lag.
Nei syngja det skal vi kvar einaste dag
og spela ein stubb i kvardag og lag.
Og er du sliten og alt går på tverke
så prøv med ein song og tru du er ei lerke.
Og ta fram fele, horn og trompet.
Det er same kva det er når berre det let.
Ja om du har berre eit salmodikon
så ta det fram, gi det vyrdnad og rom.
For når fann du i soga ein såvoren skatt
som folket bar fram gjenom svartår og natt.
Ja alt det dyraste som du åtte
med song og musikk det vigslast måtte.
Og difor på songens og musikkens dag
for kvardagens tonar vi slær eit slag.
Bygdedag
Velkomen til stemne bygdefolk.
Vi samlar oss i ein onnebolk.
Det er så gildt ein gong og anna
å kjenningar møta og nye kanna.
Og alle vi veit kva som samlar oss her,
eit lite tilskot frå kvar iser
skal bli ein kveik til den gjente og gut
som gjerne vil læra, vil koma seg ut.
Og song og musikk det høver saman
med fest og glede, med leik og gaman.
Og får du sorg som du knapt kann bera
ein fredsam song kann så mykje gjera.
Kva vart vel eit folk om du tok bort songen.
Om ord og tonar let siste gongen.
Om horn og trompet ei lydde lenger
og aldri meir låt i frå felestrenger.
Då vart landet eit folk utan meining og vilje.
Det lyddest ei lenger av leik over tilje.
Og livet vart som eit storkna hav
der tankar og kjenslor var lagde i grav.
For song det er varme tankar,
song det er gode ord
som kjem frå eit hjarte som bankar
for alt som er rett på jord.
Song er det vakre som rører seg innst i
kvar menneskjebarm.
Song det er kjendslor som lever om hugen
blir aldri så arm.
Det løyser ut det beste i oss.
Det er som våren ein liten fjellfoss,
som elva still i døkke skogar,
som djupe fjellvatn der kveldsol logar.
Og dette skal kallast ein bygdedag
med innslag frå alle grender og lag.
Alt godt du ber på skal der du yta
og tankar og meiningar med andre byta.
Ta i deg det beste du der kann få
og gjev sjølv alt godt du kann hitta på
då vil ei hugnadsstund vi få.
Så ut over bygda ein dag som i dag
og gløym for ei stund både slit og jag.
Sjå på alle dei heimar i grender og lag.
Vi har ulike vilkår og yrke og krav.
Ja sjå heile landet ein somardag du
når sola gyller fjell og flu
og jorda ligg der doggvåt og gir
liv av den grovnæme bringa si.
Det angar imot deg av slåtteng og voll
og soldisen ligg millom knaus og koll.
Og det er arven til komande slekter
at dei skal hauste som kjem etter.
At alt vårt arbeid og alt vårt strev
til ætter som kjem, si signing gjev.
Og alt er gitt av ei skaparhand
til glede og gagn om vi gjer det vi kan
og nyttar ut alle dei høve vi får
i livet slik som det kjem og går.
Så gir vi til kvardag,
så gir vi til fest,
så gir vi det beste til siste rest,
då blir det godt å leva.
Sanitet prolog 1
Velkomen frå nord og velkomen frå sør.
Velkomen de som i bygda er før.
For same tanke og same sak
vi samlar oss alle og tek eit tak.
Ei kvinne det var som varm og sterk
la grunnen til dette store verk.
Ropa det ut over Noregs land,
bar det fram for kvinne og mann.
Kom alle saman , vi fylkar oss tett
vi slær oss i lag og brukar vår rett
til hjelp for dei sjuke i landet.
Det er så mange som sukkar og lid
som strevar med sjukdom all si tid.
Vi må hjelpa dei vi som har helse og kraft.
Vi må gjeva dei trøyst så dei ikkje går tapt.
Og tanken fengde og vann seg rom.
Det vart som den sterkaste klokkeom.
Dei fylka seg saman grend for grend
og valde seg sine ombudsmenn.
Snart stod det lag i by og bygd,
det gav til den sjuke hjelp og trygd.
I det stille øvast skal det
store verk sjå er kallet.
Tusind varme kvinnehender
sorga om til gleda vender.
Lette steg og mjuke hender
varleg dei på puta vender.
Turkar over panna våt.
Lokkar smilet fram av gråt.
Kjem med hjelp og trøyst åt alle
som i naud må på deim kalle.
Over alt som skil og stengjer
og som rett og rettferd rengjer.
På tvers av alle landegrenser.
Kvit ell´svart dei ikkje enser.
Sjølv om verda rasar vildt,
dei si gjerning gjerer stilt.
Bøyer mot den falne ned.
Kviskrar eingong blir det fred.
Tenk for ein sum av nattevak
av slit og strev og tunge tak.
Dei skulde set dei vyrde menn
om sanitet smått om senn
vart lagt på statens hender.
Om kvar ein liten strikka ting
ja alt det laga set i sving
vart rekna om i kroner
det vart nok millioner.
Ja midt i alt det som riv og slit
og lokkar dei unge hit og dit,
ein her av kvinner med merket lyft.
Dei kallar oss alle
Kom og bli med.
Hjelp oss og hjelpa
og andre gled.
Finn din plass mellom alle dei andre
glade vi blir når vi hjelper kvarandre.
Sanitet prolog 2
Ropa det ut over Noregs land.
Bar det fram til kvinne og mann.
Kom alle saman vi fylkar oss tett,
Det vart som den sterkaste klokkeom.
Dei fylka seg saman grend for grend
og valde seg sine ombudsmenn.
Snart stod det lag i by og bygd,
det gav til den sjuke hjelp og trygd
I det stille øvast skal det
store verk sjå det er kallet.
Tusind varme kvinnehender
sorga om til gleda vender.
Lette steg og mjuke hender
varleg dei på puta vender.
Turkar over panna våt.
Lokkar smilet fram av gråt.
Kjem med hjelp og trøyst åt alle
som i naud må på deim kalle.
Over alt som skil og stengjer
og som rett og rettferd rengjer.
På tvers av alle landegrenser.
Kvit ell´svart dei ikkje enser.
Sjølv om verda rasar vildt,
dei si gjerning gjerer stilt.
Bøyer mot den falne ned.
Kviskrar eingong blir det fred.
Tenk for ein sum av nattevak
av slit og strev og tunge tak.
Dei skulde set dei vyrde menn
om sanitet smått om senn
vart lagt på statens hender.
Om kvar ein liten strikka ting
ja alt det laga set i sving
vart rekna om i kroner
det vart nok millioner.
Og alle dei 5 og 10 øringar
vi stablar dei op og til himmels det bar.
Og himmelvendt er sjølve samlingstanken
som ber det heile,
som samlar oss alle til edel dåd
gjenom ve og veile.
Ja kunde vi byggja ei himmelbru
for ei einaste sjel.
Vi tek vår stein både eg og du
og gjer byggverket vel.
Sanitet prolog 3
Det lyser imot oss i raudt og kvitt.
Vi helsar og lyfter det fritt.
Det kvite er kjærleikens samlande makt.
Det raude har blodets band til pakt.
Så mykje det er som riv og spreider,
så mykje som dreg til ymse leider.
Dei store ute i verda ståkar,
dei blir ikkje samde kor mykje dei bråkar,
med atombomber i sør og nord
og konferanser kring runde bord.
Dei sår ikring seg med hat og split.
Det ser ut som somtid dei mangler vit.
Og difor vi treng ei samlande makt,
som kjærleiksbodet til alle får sagt.
Som ikkje spør etter svart eller kvit,
om du er framand ell´ nære hit.
Som ser si opgåve over alt
og ikkje gjev op om det somtid går skralt.
Vi veit ikkje alltid om alt det vi gjev
blir nytta sliksom vi vonar og krev.
Men gjev vi i kjærleik og audmjuk tru
så blir det eit steg på vår himmelbru
Kanskje blir det mindre med kall og slikt,
det spørs meir etter ferie, fritid og plikt
imillom dei unge som no går ut
til søstergjerning og kjærleiksbud.
for saniteten i smått og stort,
med barnekontroll og helsestell
og vekttabellar for små og store.
No må vi slanke oss, det er ordet.
For mykje fløyte, smør og feitt
pass på hjarte, det er greidt.
Sirupskake og slikkeri.
Hol i tenra, du store tid.
Fra Paris kjem motane haust og vår.
Dior for fargar og linjer rår.
Flat som ei pannkake skal no vi vera.
Kvar skal av kurvene da vi gjera
Og trygder i aust og trygder i vest
renter og avdrag og skatterest.
Betalning av på fjernsyn og frysedisk.
Det vart lite dyrt men vi får ta ein risk.
Så mykje vi greier åsette i sving
at kanskje vi gløymde dei vante ting.
At vi har ein heim som er heimen vår.
Det står til oss sjølve at lukka rår.
Og kyrkjer har vi og skolestell
og ingen forbyr at vi møter held.
Ja vi har ei seng som er trygg og varm.
Vi er ikkje naken, heimlaus og arm
Og kunne vi tenkja kvar einaste kveld,
så godt vi har det i landet vårt lell.
Ved Ole Herstad´s båre
For songlaget “Tonevakt”
Farvel du songar kjære
og takk for alt du var.
Englar syng ære være
og lyfter deg frå grav.
Dei syng i himlen no
og helsar deg velkomen
dit ifrå jordlivs bo.
Sorgfull står vi kring båra.
Alle vi kjende deg.
Stillsleg renn mang ei tåra
tankar finn ingen veg.
Så tung din lagnad vart.
Så hard den siste striden.
Sorgsame står vi att.
Men høgt i himmelkoret
syng du den nye song.
Der dukast høgtidsbordet
der møtest vi ein gong.
Så far herfrå i fred
og takk for songarlaget.
Gud blir på ferda med.
Sorg og sjukdom tolsamt bera,
styrkt i trua av ditt ord.
Gjer meg god i hug og tankar,
gjer meg mjuk og varm i sind.
So kvar eg i verda vankar
eg finn til din himmel inn.
Gjenom alt som bryt og bårar
i så mang ein syndig hug,
gjenom alle skjer og fårar
over alle ville slug.
Lær meg Jesus deg å fylgja
hjelp meg halda fast di hand.
Du vil ikkje vegen dylgja
for ein veik og syndig mann.
Hjelp meg så eg aldri gløyma
imot andre vera god.
Eigen vinst og sjølvhug tøyma
gjev meg der til hug og mot.
Hjelp meg så eg til di æra
strida må den gode strid,
og til himmels med få vera,
prisa deg til evig tid.
Gangstad og Paul
De e så arti å kåmmå te Gangstad
å sjå att dem som va hen da vi for å kjangsa
Vi huse så mang i triveleg stoin
det heinne vi drømme når vi te oss ‘n bloin
Æ huse som små vi sprang å gjett
det vart ferri hausten mangt i føtt
Aa kyn dem sjånnå å vi reint å belja
men dem som kom va ‘n Paul å a Helga
Aa grasert det gjol vi no seint å tile
å’n Paul han song i arbeid å kvile
De hendt at æ vakna når klokka va 2,
han Paul han song “ Syrenen blomster jo”
Ja, enno 2 må æ nemn me det såmmå
A Ebba å’n Endre, de villa sæ låggå
Det var no den seinna som va så grei
når vi berre kom dit de gjekk i ‘n fei
De e no mest synd dem hi kasta a ut
Hu hi no havt plass fer så mang ‘n gut
Aa så vart vi vaksin å fekk oss ‘n kjærest
å trøyt om mårrån så vi nettop såg bøtta
når vi fersikti på fjøsdøra gløtta
à Helga sa ingenteng , undras og lo
om gutan ha vunni å ferri heim no
Men ‘n Paul han flira så inmari feitt
å treff ‘n måndagsmårrån de va itj greitt.
Så skoil æ da fløtt oppi Vuddugrenna
‘n Paul ga mæ atest æ huse e enda.
Han læst å æ trampa det såmmå lasse
tri gong det datt tå de vissegt rasje
‘N Leopol Hustad kom kjøran etti veia
Han såg heile stasen. Æ trur mest ‘n heia.
Men atesten vart berre nogenlunde
å gi mæ nå anna va e ingen grunn te.
Ja dein tia syntes vi alt va arti
Vi tenkt no itt på at de skoil gå med fart i.
Men så kom åra, vi lerd å ferstå
‘n trufast arbeidskar, de va nåkkå å hå.
Ja mang i plogfår du pløyd på Gangstad
å mangt i koinband på stauran lengsa
Ja om vi ha sjett e samla i eitt
det ha skygga fer sola det sjønne vi greitt
No tøffe det traktor å skurtrøsk på einnom
men lel e det bruk fer arbedskarrom
Aa når vi e samla te feststoin ilag
vi ynskjer deg mang ein løkkeleg dag.
Aa arbedsgle å arbedskraft
de må du ha som du før hi havt
Aa når du bli gammel å sle dæ te ro
Vi ynskjer dæ all ‘n alderdom go.
Te mor og far
Vi helse deg mor velkomen te fest
og deg å far, vår hedersgjest.
Vi gjern vil hygg å gle dåkk i kveld,
og derfor e det vi julmøt held.
Du slit å streve så trutt du mor,
å du å far på vår odelsjord.
Frå tidleg mårrån te seine kveld.
De e alt me sæ di får kvildag held.
For meir om senn det bli som ska gjørrås
og ungan veks op å ska kleast og føas
Og ryggen verkjer og augon svid
når endeleg til kvelds det lid.
Kanskje bli e lite med sømna å
så mangt som legg i tankom nå.
Kor ska vi få mat å klea ifrå.
Det blir dyrar om senn å snart ittnå å få
Ska tru kor a´ fales a´ Mari´no?
Aa kjem dem itt snart ´n Jan og ´n Jo?
Det lid no så langt utpå natta.
Æ vone at aller dem stelle sæ så
at sorg og vonbrot vi tå dem få.
Men vi, vi hi så mangt i tankom vi.
Det e kjælihetsorji. Aa du store tid.
Aa festa å møt å øvelsi i fleng.
Det bli langt på natt før vi kjem oss i seng.
Om mårrån e de gått at kaffen e kokt
å kaka på borde så det går ti´n snop
å ha ti sæ i skiv å kom sæ åt fjøse.
De e alt med seg at augon tøli løse.
Men itt fer di , vi te våres tak.
De e itt såles på bøgden ´n får ta e med mak.
Om såmåren ut i slit å kav.
Vi får itt fri ein eneste dag.
Aa likar e e no itt om vintern hell.
Det røkk no te ifrå mårrån te kvell.
Aa gutan , æ våge dem ørkje held
te det li langt utpå kvelden.
Aa trøytt å sletti dem stupe i seng
å kårrå sæ langt ponni felden.
Men itt fer di, dem kann våkkå i natt
når dem hi fått sæ enn urliten skatt
som vente om laurdagskvelden.
Men no ska vi legg vekk strev å stri
å hygg oss ilag i lita rid,
med talor og song og jultregong
å kaffetår æ tru æ spår.
Aa kanskje ´n far te hainna hennes mor.
Aa kjem du i hau den tida æ for
å sprang etti dæ i gårdåm.
Vi glømme vest tå di me åråm.
Aa derfor når vi julmøt held
å be dåkk hit te´n hyggeleg kveld,
vi vil di ska kjenn dåkk ung på ny
Skifest
Velkomen kaill og kjerringa tebords falera.
Lett praten gå så ingen kjem te ords falera
Med øl og brus og småkjøttgryn og dram falera
æ vone at vårt vertskap itj bli skam falera
Te skirenn va di all invitert falera
som giftering på fingern ha prestert falera
Så leple skoil det heile ordnast te falera
at det va ittnå fale vårrå med falera
Så møttest vi på Verstad hen en kveld falera
og kaill å kjerringa va reint på stell falera,
fer humøret de hi itj vorti rasjonert
og spøk og latter hi itj vorti kamuflert.
Som a Olga skoil di alle samen gjort falera
han Per han bruke a te kverdagssport falera.
Men e det nåkkå serleg som står på falera
så kjem a alltid basan med om Brå falera
At måssån han kan gro på hoinner år faller
og barkvistan sprett fram i skjegg og hår falera
men at det heile kann bli gjort på 30 minutt
de e no mykkji meir enn før eg koina ha trudd
At´n karmainn bli te kvinnfølk hi æ aller hørd
men tia hi så mykje snodigt me sæ førd
Det heinne no så mykji rart å onnele
´n vakker dag så ramle kanskji månin ned.
Så held vi på te sola hu kjem op falera
og spellmenra bli sletti å sei stopp falera
Å e det nån som synes de bli dårle stell
så bynne vi på nytt i mårråkvell falera.
Kvileveke på Bostadhaugen
17/2 - 24/2 – 59.
tå å få sån feri, du store tid.
De e no rart fer den som e bon
Æ ha aller trudd at de skoil bli son.
Aa hit kom vi råkkanes heile daan
Ja, Bostadhaugen fer aill va staan
Aa godt å varmt va e, kaffe vi fekk
å straks ettipå te bords vi gjekk.
Aa maten va go, den som berre var slank.
Og gi kvarainer bank
Og einn kaffe på senga. Koss ska de bli
Æ sjer no mest inga råd fer di
Æ får ta mæ i kokplat å sett på skrå bortom sengfoteinin.
Aa det bli vel i rå.
Om veret va ruskåt å viin kvein
det gjol ingen teng fer husmora skein
Aa bli som i sol ifrå mårrå te kveill
Æ våge det heile året heill.
Fru Sakshaug ga oss føde for sjel og ånd
Å samla oss alle som sine båinn
Aa såg etti så ingen vart vill
og passa på oss så vi vart still
Så mykkji toillåt kjerringa koina samen ha budd
A Ingrid fekk sæ ‘n durabel mainn
Men hu sleit ut‘n straks. Ja stakkars hain
Det må vel bli likar når à kjem heim
Vess a itj får sæ ti nån på vein.
Ho bestemor va no likast tå aill
Ho ha sekkert greidd å dansa ‘n traill
Aa pen som à va i svartkjol å sjal
Ja aill i hop på kvar sin måt
Dem ga oss nåkkå både arti å godt
Ja no lakke å lid det på tia hen
Aa arti bli e sikkert å kåmmå heim
Fer såmmå kor godt ‘n hi e bort
‘n lengte no heim så ‘n nåkkå får gjort
Det e no så godt ailt ‘n med seg kain ta
Fer ingenteng gjølpe så godt ti ‘n kneik
som at ainner hi gitt de en ørliten kveik.